Utstilling sommaren 2007

Sogn og Fjordane Kunstmuseum
presenterer utstillinga Nikolai Astrup – grafikk og
trykkplater på ASTRUPTUNET I
JØLSTER i perioden 19 mai til 23. september 2007. Nikolai Astrup var ein
eksperimentell nyskapar innanfor grafiske teknikkar som tresnitt og
linoleumsnitt. Astruptunet
tek vare på ei nærast komplett samling av Nikolai Astrup sine trykkplater. No
får publikum høve til å gjere seg betre kjent med denne unike samlinga.
Trykkplatene vert utstilt i dialog med dei ferdige
kunstverka. Utstillinga
syner korleis Nikolai Astrup arbeidde og utvikla seg som grafikar. På den eine
sida vert trykkplatene sett på som eit pedagogisk grunnlagsmateriale, som
illustrerar utarbeidinga av sjølve motivet og trykkeprosessen fram til det
ferdige trykket. Det er det grafiske bladet som er det eigentlege kunstverket.
På den andre sida vert einskilde trykkplater eksponert som kunstverk i seg
sjølv, der vi tolkar dei som meir som dekorative tredimensjonale skulpturar,
eller relieff, enn som grunnlag for todimensjonale grafiske
blad Det
vesle utstillingslokalet på Astruptunet er modernisert, mellom anna med nytt og
moderne lysutstyr, slik at galleriet no verkar meir ope og meir eigna for slike
mindre utstillingar. Utstillinga dannar grunnlag for ei ny permanent
presentasjon av Nikolai Astrup som grafikar. Ansvarleg for utstillingskonseptet
er direktør Morten Johan Svendsen i samarbeid med konservator Ingrid Norum og
avdelingsleiar Solveig Berg Lofnes. Ansvarleg for utstillingsdesign er Piotr
Zamecznik.