Årets utstilling 2002

DØDSGJENGEN
Ludvig Eikaas, Gunnar S. Gundersen, Tor Hoff, Odd Tandberg


Eikaasgalleriet 2. juni – 25. august 2002


”…Vi hadde alle en anelse, en drøm om noe vi ville. Et nytt billedspråk. Vi var alle opptatt av det abstrakte. Det viste seg fort at vi hadde bruk for hverandre. At vi kunne berike hverandre. Vi både ga og tok…” 
(Ludvig Eikaas i boka ”Tor Hoff – i sterke krefters vold”, 1984)

I tidleg etterkrigstid feide ei gruppe ungdomar inn dørene på Statens Håndeverks og Kunstindustriskole og markerte seg snøgt som faglege urokråker. I sosiale samanhenger var dei heller ikkje dei mest smålåtne: Ludvig Eikaas, Gunnar S. Gundersen, Tor Hoff, Odd Tandberg og Egil Øen fekk tilnamnet ”Dødsgjengen”.

Med ungdomens pågangsmot og idealisme gjorde ”Dødsgjengen” opprør mot det etablerte kunstsynet og braut ut av ”den norske forteljinga”. Det var neppe eit enkelt val for dei unge kunststudentane og samhaldet i gruppa må ha vore til uvurderleg støtte i motstanden dei møtte frå mange kollegaer og dei ofte svært kritiske kunstskribentane. Mykje er sagt og skrive om korleis dei levde dei første åra. Lite mat, kalde hyblar og sjukdom tok ikkje frå dei arbeidsiveren og nysgjerrigheita på det moderne livet og kunstuttrykka utanfor landegrensene. Dei reiste mellom anna til kunstmetropolane København og Paris og henta idear og impulsar til eigne arbeid. – Det abstrakte måleriet kom til Norge, og Ludvig Eikaas, Gunnar S. Gundersen, Tor Hoff og Odd Tandberg vart sentrale og svært synlege aktører i modernismens framvekst i Norge.


Vi er stolte over å presentere Dødsgjengen i Eikaasgalleriet og Jølster sommaren 2002. Fleire av bileta er til salgs, så her er det mogleg å gjere eit godt kunstkjøp.

Opningstider: 1100 til 1700 kvar dag heile sesongen.

Klikk på bilda for større format

ludvig.jpg (88597 byte)

odd.jpg (105110 byte)

tor.jpg (59923 byte)

gunnar.jpg (64109 byte)