EIKAASGALLERIET
Frå 2004 er Eikaasgalleriet konsolidert med Sogn og Fjordane Kunstmuseum, som frå 2009 er ein del av musea i Sogn og Fjordane.
Det er framleis Jølster Kommune som eig Eikaasgalleriet.

Målaren, grafikaren, teiknaren og skulptøren Ludvik Eikaas
vart fødd i Jølster i 1920, men flytta i ung alder til Oslo, der han budde til
han døde 15 september 2010.
Han er m.a. kjend som ein av dei første som laga non-figurativ kunst i Noreg.
Han er og kjend for sine mange portrett og sjølvportrett.
Det gamle meieriet på Ålhus vart kjøpt og bygd om til eit moderne
kunstgalleri, for å ta imot kunstsamlinga Ludvig Eikaas gav kommunen.
Denne samlinga omfattar no over 800 kunstverk. Galleriet opna i 1994 og har
skiftandes utstillingar.
Eikaasgalleriet er Sogn og Fjordane Kunstmuseum sitt største galleri der vi har
fokus på representative utstillingar av nasjonal
og internasjonal storleik og kvalitet i kombinasjon med profilereing av eigen
samling.
Sal av original grafikk, kort, bøker og anna. Kafé med enkel servering inne og
ute.
Eikaasgalleriet ligg på Ålhus, like ved E39, og Jølstravatnet. Her er fin
badestrand og god parkering.
Det er eigna tilgjenge for rullestolbrukarar.
Ludvig Eikaas
Ludvig Eikaas sin produksjon, gruppert i 10-årsbolker, frå 1940-talet fram til 2000.
Det er over 100 verk med i utstillinga, som viser eit mangfald i Ludvig Eikaas sin produksjon.
Med galleriet i ny fargeprakt, kan vi innby til ei ny spennande utstilling.
klikk på bilda for å sjå i full størrelse